Status i prosjektet – Vi køyrer på!
Det er spennande og litt tronge tider i Noreg. Det meste har blitt dyrare den siste tida og Regjeringa ønsker å unngå ei ytterlegare oppheiting av økonomien. Det tyder innstrammingar i det komande statsbudsjettet. I lys av dette har det i det siste vore nokre stemmer i Oslopressa som vil legge ned prosjektet Stad skipstunnel.
Men slike signaler har vi i Kystverket ikkje fått. Snarare tvert i mot. Prosjektet er vedtatt og vi er som kjent godt i gong med arbeidet. Vi opplever stor støtte og engasjement frå politikarar, næringsliv, reiselivsaktørar og ikkje minst frå dei komande brukarane av tunnelen, som til dømes hurtigbåtnæringa og kystrederia.
Stort behov for skipstunnel
Behovet for skipstunnelen er stort, ikkje berre i dårleg ver (som det kan vere mykje av rundt Stad, med ofte over 100 stormdøgn per år).
– Ei temperaturmåling blant Kystrederienes medlemmer, viser at heile 80 % vil nytte tunnelen på regulær basis. Dei øvrige 20 % har fartøy som ikkje egnar seg, eller har ikkje ruter/seglingsmønster forbi Stad, gjerne av naturlege årsaker, seier næringspolitisk rådgivar i Kystrederiene Linn Therese Skår Hosteland.
Kystrederiene organiserer over 200 rederier, som trafikkerer norskekysten dagleg.
Hosteland viser til at ved sidan av at skipstunnelen er eit tryggleikstiltak som gir moglegheiter for næringslivet lokalt og godstransporten nasjonalt, er tunnelen også eit klimatiltak.
– Skipa vil oppnå betydelege klimagass-reduksjonar ved å bruke tunnelen, ettersom belastninga på fartøyet og energiforbruket på skipa går ned, seier Hosteland i Kystrederiene.
Les meir om kva Kystrederiene meiner om skipstunnelen
Kva skjer framover?
Det er altså ingen grunn til å ikkje jobbe på vidare for å realisere prosjektet. Det vesentlegaste no er å få ferdig den teknisk funksjonsbeskrivelsen, som omtalar korleis tunnelen skal byggast, inkludert krav til tekniske installasjonar. Dette skal så inngå i konkurransegrunnlaget som etter planen skal ut på anbod til entreprenørar i løpet av våren 2023. Samtidig pågår det eir omfattande reguleringsarbeid ved og i nærleiken av tunnelen. Her er vi og Stad kommune opptekne av medbestemmelse og ein tett dialog med lokalbefolkninga på begge sider av tunnelen. Vi inviterer til jamlege informasjons- og medverknadsmøter. Det neste kjem i veke 39.