Copy
Logo

Om du kjenner nokon som burde lese nyheitsbrevet, men som kanskje ikkje nyttar e-post i det daglige, så skriv det gjerne ut og lever det til dei.

Kva har skjedd i det siste?

  • I samband med besøket i Stad, Kinn og Vanylven inviterte Kystverket også til eit uformelt kaffemøte på Kjøde skule, for dei som bur i området. Der fekk dei kring 20 som møtte opp høve til å få svar på sine spørsmål knytt til prosjektet. Kystverket vil ha fleire slike uformelle møter både i Kjøde og Moldefjorden.

  • Bur du i nærleiken av de komande tunnelportalane? Då rådar vi deg til å sjekke nettsida for nabokontakt: www.kystverket.no/nabokontakt.

  • Mulitconsult har vore i områda der tunnelopningane kjem for å gjere vidare undersøkingar, mellom anna i grunnen.

  • Frå desember 2021 til april i år gjennomfører Multiconsult ei målekampanje i Moldefjorden, Røysetfjorden, Kjødepollen og Vanylvsfjorden. Undersøkingane omfattar næringsstoff i overlaget, samt målingar av saltholdighet, temperatur og oksygenkonsentrasjon i heile vannsøyla. Resultata frå undersøkingane vil gi oss informasjon om det kjem inn friskt vatn frå Røysetfjorden til Moldefjorden, samt Vanylvsfjorden til Kjødepollen i løpet av vinteren. Dette vil gi informasjon om det skjer ei utskifting av oksygenfattig botnvatn i dypbassenga i dei to fjordane.

Kva skjer framover?

  • Kystverket vil delta på skipstunnelkonferansen om moglegheiter og ringverknadar i regi av kommunane og vekstselskapa i mai. Her vil både kystdirektøren, prosjektleiar for Stad skipstunnel og kommunikasjonsansvarleg vere til stades.

  • Framleis er det viktig og omfattande arbeid i førebuande prosesser. Dette er spesielt knytt til å få dei siste brikkane på plass i byggherreorganisasjonen, samt arbeidet med konkurransegrunnlaget.

Her finn du info om BåtFart
Meir om Stad skipstunnel
Treng du å kome i kontakt med oss? Klikk her.