Copy
Logo

Om du kjenner nokon som burde lese nyheitsbrevet, men som kanskje ikkje nyttar e-post i det daglige, så skriv det gjerne ut og lever det til dei.

Kva jobber vi med no?

Det er mykje som må på plass før ein kan skyte første salva i skipstunnelen – etter planen i 2024.

Teknisk prosjektbeskrivelse
Stad-prosjektet arbeider med å oppdatere den tekniske funksjonsbeskrivelsen. Denne omtaler korleis ein ønsker at tunnelen skal byggast, inkludert krava til det som skal installerast. Tunnelen er eit omfattande byggverk, som har mange funksjonar knytt til beredskap, drift og vedlikehald, slik at den kan vere kontinuerleg i drift når den står ferdig.

Prosjektoptimalisering
Prosjektet arbeider med å få oversikt over kva mengde steinmassar dei ulike tiltaka ønsker. Opplysningane skal så nyttast i konkurransegrunnlaget for hovedentreprisa for bygginga av tunnelen. Du finn meir informasjon om bruk av steinmassar lenger nede i nyheitsbrevet.

Konkurransegrunnlaget
Prosjektet er i sluttfasa for tildeling av kontrakt for kontraktsrådgiving og etablering av konkurransegrunnlaget. Arbeidet vil starte opp rett etter ferien og vil bli ein viktig del av prosjektet fram mot jul.

Animasjoner og 3D av skipstunnelen
Vi arbeider med animasjoner, VR og 3D-modellar av skipstunnelen. I modellane legg vi på stadig meir informasjon etter kvart som landskapsplanar, sjømerking med meir blir klart. Meir om dette i neste nyhetsbrev.

Steinmassar frå skipstunnelen
skaper ny næring

Ein har lenge diskutert kva ein skal gjere med steinmassane frå Stad skipstunnel. No er ein einige om at all stein skal nyttas til å skape ny næring i kommunane rundt tunnelen.

– Dette blir bra for alle parter: Regionale næringsprosjekt i kommunane får stein, ein unngår dumping av store masser i Moldefjorden og Kystverket får betre tid til å planlegge prosjektet, seier prosjektleiar Terje Skjeppestad.

Les meir på kystverket.no

Info- og dialogmøte i Kjøde og Moldefjorden

Torsdag 23. juni inviterte Kystverket og Stad kommune til info- og dialogmøte i Kjøde og Moldefjorden for å orientere innbyggjarane om status i prosjektet samt vidare arbeid med reguleringsplanar og korleis ein har høve til å delta og medverke i prosessen. Møta var godt besøkt, med rundt 60 innbyggjarar på plass begge stadar. Planen er å ha nye møter i oktober.

Inviterte til dialog. F.v Hanne Marie Utvær, rådgjevar Stad kommune, Svein Otto Melheim, Dagleg leiar Stad eigedomsutvikling, Bård Solberg og Linda D. Sønstabø, Multiconsult, Kristine Dahl, ass. kommunedirektør Stad kommune, Terje Skjeppestad, prosjektleder Kystverket og Sveinung Nedregotten, Samfunns- og kommunikasjonsansvarlig Kystverket.

Info til entreprenører – konkurranseutsetting første kvartal 2023

Kystverket arbeider intenst med konkurransegrunnlaget for byggingen av skipstunnelen. Prosjektet er tenkt lyst ut som en totalentreprise, som omfatter både prosjektering og utførelse.

– Oppstartsfasen for prosjekter av denne dimensjonen er definerende for den senere prosessen. Det er svært viktig å gjøre et grundig arbeid i forbindelse med denne anskaffelsen. Det får vi igjen for senere i prosjektet, påpeker prosjektleder Terje Skjeppestad.

Kystverket tar sikte på å kunngjøre konkurransen første kvartal 2023. Videre er planen kontraktsignering ved årsskiftet 2023/2024, som kan gi byggestart i første kvartal 2024.

Det er opprettet en egen underside for mulige entreprenører: https://kystverket.no/entreprenor

Les meir om Båtfart
Meir om Stad skipstunnel
Treng du å kome i kontakt med oss? Klikk her.