Copy
Logo

Om du kjenner nokon som burde lese nyheitsbrevet, men som kanskje ikkje nyttar e-post i det daglige, så skriv det gjerne ut og lever det til dei.

Les meir, og sjå fleire bilde her.

Kva har skjedd i det siste?

  • Prosjektgruppa får ein ny person på plass ved kontora i Ålesund. Katrine Hellevik byrjar 1. mars, og skal i realiteten være ein alt-mogleg-person med tanke på tilrettelegging, kontor og støtte i prosjektgruppa.

  • Siste intervjurunde for anleggssjef og dokumentkontrollar er gjort, medan runda med andregangsintervju for prosjektleiar i delprosjekt er nært føreståande. Vi reknar med å kunne presentere dei nye andleta i nest utgåve av nyheitsbrevet.

  • Det er framleis stor møteaktivitet i høve planlegging og kvalitetssikring, samt møter opp mot Stad, Vanylven og Kinn kommunar.

  • Bur du i nærleik til der tunellportalane skal kome? Da anbefaler vi deg å sjekke nettsida for nabokontakt: www.kystverket.no/nabokontakt.

Kva skjer framover?

  • I veke ti startar Multiconsult med supplerande grunnundersøkingar i Kjøde

  • Arbeidet med støyberekningar for sjølve anleggsarbeidet med skipstunnelen byrjar i veke ni. Resultata blir nyttig å ta med seg vidare i det viktige planleggingsarbeidet for støyavgrensing og avbøtande tiltak for bebuarar i området.

  • I mars skal prosjektleiar Terje Skjeppestad presentere Stad skipstunnel-prosjektet for transportkomiteen i Stortinget. På same møte skal kystdirektør Einar Vik Arset presentere Kystverket som heile.

Her finn du Kystinfo
Meir om Stad skipstunnel
Treng du å kome i kontakt med oss? Klikk her.