Copy
Logo

Om du kjenner nokon som burde lese nyheitsbrevet, men som kanskje ikkje nyttar e-post i det daglige, så skriv det gjerne ut og lever det til dei.

Kva har skjedd i det siste?

  • I samband med møtet med bebuarar i Kjøde og Moldefjorden gjennomførte Kystverket ei rekkje møter med representantar frå kommunane Stad, Kinn og Vanylven. I tillegg til møter kring prosess og framdrift var også informasjon på agendaen. Ei eiga gruppe, med representantar frå alle kommunane og Kystverket jobbar med å ha gode informasjonsløysingar.

  • Nye folk er på veg inn i prosjektorganisasjonen. Det er tilsett ein prosjektkontrollar, som er rekruttert internt i Kystverket. I skrivande stund skal vi byrje med intervju med aktuelle kandidatar til stillingar som anleggssjef, prosjektleiar for delpropsjekt og dokumentkontrollar.

Kva skjer framover?

  • Det ikkje mykje som endrar seg frå månad til månad i fasen vi er inne i no. Vi har framleis eit sterkt fokus på arbeidet med konkurransegrunnlaget for totalentreprisa, med alt tilleggsarbeid og kvalitetssikringar som det inneber.

  • Dialogen med Kinn, Stad og Vanylven er fortløpande, både den uformelle og med planlagde møter. Også med tanke på tiltak for massane frå tunneldrivinga.

    Kystverket jobbar vidare med grunnerver, i tillegg til vidare arbeid med klorleis vi skal ta omsyn til naboane i anleggsfasen.

Det kan du lese meir om her
Meir om Stad skipstunnel
Treng du å kome i kontakt med oss? Klikk her.