Copy
Logo

Hausten er over oss og stormane kjem tettare ved Stad. Dei røffe vêrtilhøva er med på å stadfeste viktigheita av den komande skipstunnelen, der pri ein er å syte for ein tryggare og meir føreseieleg sjøveg forbi Stad. Viktigheita blei også stadfesta av regjeringa i førre veke, då dei kom med nye løyvingar i framlegget for statsbudsjett for 2023.

Status
I prosjektet arbeider ein med reguleringsplanar (både for tunnelopningane og nærliggande næringsområde), teknisk funksjonsbeskrivelse for skipstunnelen (som inneheld krav til tunnel og installasjonar) og konkurransegrunnlaget for hovudentreprisa, som skal ut på anbod til entreprenørar neste år. I tillegg pågår det eit arbeid med å planlegge og visualisere korleis tunnelopningane og områda rundt (kaier, friluftsområde m.m.) skal sjå ut. Dette arbeidet skjer mellom anna etter innspel frå bebuarane i Kjøde og Moldefjorden.

Statsbudsjettet: Arbeidet med Stad skipstunnel held fram som planlagt

I Regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for 2023 er det løyvd 76 millionar kroner til Stad skipstunnel. – Løyvinga er i samsvar med det vi har spelt inn i budsjettforslaget vårt, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

I forkant av forslaget til statsbudsjett for 2023 var enkelte uroa for at skipstunnelen skulle bli utsett. Men i staden stadfester Regjeringa at dei i forslaget til statsbudsjett for 2023 løyver 76 millionar kroner til arbeidet med Stad skipstunnel.

Det betyr at Kystverket kan fortsette arbeidet med prosjektet, som trass alt er godt i gong.

– No jobbar vi intenst med tekniske spesifikasjonar og konkurransegrunnlaget for sjølve skipstunnelen, slik at vi kan få dette ut i marknaden på nyåret. Målet er å inngå kontrakt med ein hovudentreprenør ved årsskiftet neste år, som kan starte bygginga av verdas første skipstunnel i 2024, seier prosjektleiar for Stad skipstunnel Terje Skjeppestad.

Budsjettet for 2023 er altså på 76 millionar kroner. Dei store investeringane inntreff ikkje før val av entreprenør og kontraktssignering er gjort, i 2024.

Les meir på kystverket.no/skipstunnel

Info- og medverknadsmøte på Moldestad grendahus samla rundt 70 personar.

Godt oppmøte og gode diskusjonar på infomøta

70 personar tok turen til Moldestad grendahus og nærare 50 møtte opp på Kjøde skule, då Stad kommune og Kystverket inviterte til info- og medverknadsmøte om Stad skipstunnel i veke 39.

På møta informerte Kystverket v/prosjektleiar Terje Skjeppestad om siste status og vidare planar for aktivitetar i hovudprosjektet, og la også fram Multiconsult sin rapport om anleggsstøy og kva moglege tiltak ein ser føre seg knytt til dette.

Stad kommune og Multiconsult orienterte om vidare planprosess og det som ligg føre i arbeidet med reguleringsplanane for Kjøde og Lesto næringsområde, og arbeid knytt til sjølve tunnelportalane.

I møteagendaen var det også sett av tid til dialog- og medverknad gjennom ideverkstad med fokus på arealbruk på entringsområda til tunnelen, der alle fekk komme med tankar og idear om korleis området kan tilretteleggjast og nyttast på ein god måte for både innbyggarar og tilreisande.

Presentasjonar frå folkemøta og innkomne innspel om entringsområda finn du på nettstaden til Stad kommune

Kor stor er eigentleg Stad skipstunnel?

Du har kanskje høyrd om dimensjonane til Stad skipstunnel, at den er 1700 meter lang, med ei bredde på 36 meter og ei høgde på 50 meter, frå botn til tak. Men kor stort er eigentleg dette, samanlikna med ein vegtunnel og kjende bygg og attraksjonar? Vel, tunnelen blir rimeleg stor!

Skipstunnelen blir høgare enn Ålesund rådhus og er på høgde med Triumfbogen i Paris. Klikk på bildet for større versjon.

Info til entreprenører – leverandørsamling i november

Kystverket planlegg ein leverandørkonferanse i Oslo-området i løpet av november. Her legg ein opp til å presentere overordna rammer for prosjektet i plenum, før det blir ein til ein-møter med leverandørar/entreprenørar. Det kjem meir informasjon om dette, truleg allereie i neste veke. Følg med på Doffin og kystverket.no/entreprenor.

Kjøde, med Kjøde næringsområde og portalområde for Stad skipstunnel,
sett fra toppen av 1000-trinnstrappa i Kjøde. Foto: Multiconsult.

5.oktober var Multiconsult på befaring i Kjøde for å vurdere skredfaren i området ved Kjøde næringsområde. Foto: Multiconsult.

Meir om Stad skipstunnel
Treng du å kome i kontakt med oss? Klikk her.