Copy
Logo

Om du kjenner nokon som burde lese nyheitsbrevet, men som kanskje ikkje nyttar e-post i det daglige, så skriv det gjerne ut og lever det til dei.

Mykje som skjer

Prosjekt Stad skipstunnel er inne i ein fase der det kan sjå ut som om at det er lite som skjer, men vi kan trygt slå fast at så ikkje er tilfelle. Det er snarare veldig mykje som skjer, både i Kystverket, hos konsulentselskapet Multiconsult og i kommunane.

Arbeidet med konkurransegrunnlaget for totalentreprisa er omfattande, og i ein slik prosess er kvalitetssikringsarbeid på alle område sentralt.

Kystverket har gjort ein stor jobb med å få på plass ein god byggherreorganisasjon. Riktige folk til dei viktige funksjonane i prosjektgruppa er avgjerande, og no er snart alle brikker på plass. Dei siste tilvekstane kan du lese meir om litt lengre nede.

Det er også eit svært omfattande og tidkrevjande arbeid som er knytt til prosjektoptimalisering, spesielt dei pågåande prosessane for masseutnytting. Altså korleis ein kan disponere massane frå skipstunnelen på best mogleg vis, slik at ein kan stimulere til næringsvekst, nye arbeidsplassar og kanskje også bidra til betre bolyst i regionen. Her gjer kommunane ein stor jobb med tanke på plan- og regulerings-/omreguleringsarbeid.

Med andre ord er det mange som jobbar på i kulissane, så sjølv om det utanfrå kanskje kan virke litt stille så er det full aktivitet! Vi vil halde fram med å oppdatere om framdrift her i nyheitsbrevet kvar månad. Men det kan også være lurt å sjå innom Kystverkets heimesider av og til, dersom det er ting du lurer på i høve Stad skipstunnel.

Her finn du BarentsWatch
Meir om Stad skipstunnel
Treng du å kome i kontakt med oss? Klikk her.